Besseggenfjellsport-02.jpg
butikk.jpg
LAST1316.jpg
Besseggenfjellsport-02.jpg

Intro


Ei ny verd ventar

Skal eg vise deg?

Ja, takk!

SCROLL DOWN

Intro


Ei ny verd ventar

Skal eg vise deg?

Ja, takk!

butikk.jpg

Om meg


Knut Erik Tessnes

Vegleder, butikksjef og leirskulelærar

Om meg


Knut Erik Tessnes

Vegleder, butikksjef og leirskulelærar

 

Bli med meg på tur i Jotunheimen! Vi legg att både startnummer og pulsklokke.

Som leirskulelærar og vegleiar i friluftsliv i over 20 år, har eg møtt svært mykje triveleg folk i fjellet. Eg har lært noko på kvar einaste tur med desse, og vi har hatt mange store opplevingar i høgfjellet. Med relativt enkle grunnprinsipp i botn som tur etter evne, god turplanlegging, trygg ferdsel og gode marginar, ser eg at dei fleste får ei oppleving i tillegg til sjølve tur- og naturopplevinga, nemleg mestringskjensla. Vi treng alle å føle mestring innimellom, og høgfjellet byr på situasjonar som krev mestring på mange ulike nivå. Å vere på skitur i høgfjellet vinterstid til dømes, gjev ekstra store rom for mestring. Eg ønskjer at fleire skal bli både glade i – og trygge - i vinterfjellet. Det er stas å sjå korleis folk etterkvart tek i bruk fjellet med skiutstyr større delar av året, men det gjev og nokre utfordringar. Ettersom Jotunheimen er eit høgfjellsområde må ein tilpassa seg dei ver- og føreforholda som rår. Dette gjeld om du anten skal gå ein bretur i juni, på Surtningssue i juli, topptur i februar eller Høgruta i mars.

Sjølv om mange i Norge er stødige både på ski, og har vore mykje i fjellet, er det etter kvart mange som synest det kan vere fint å ha med ein førar og kjentmann. Å vere på tur i høgfjellet vinterstid handlar mykje om å ha gode rutinar og basisferdigheiter. Har du for eksempel overnatta i egenbygd igloo over fleire dagar? I Vågå og Jotunheimen er det mange fine turisthyttar og flinke vegleiarar som eg gjerne samarbeidar med. Turisthyttane er flotte utgangspunkt for turar og opplevingar året gjennom. Eineståande klima, natur og kultur, og levande mattradisjonar sørgjer for at heile deg blir teke vare på!

Eg håpar å sjå deg på tur, kvar for oss - eller saman!

Knut-Erik

 

 
LAST1316.jpg

Om Besseggen Fjellsport


Besseggen Fjellsport

Noregs minste fjellsportsbutikk?

Om Besseggen Fjellsport


Besseggen Fjellsport

Noregs minste fjellsportsbutikk?

 

Midt i sentrum i Vågå finn du Norges kanskje minste fjellsportbutikk. Butikken er lokalisert bak Liehjørna, og er ope fredagar gjennom vinterhalvåret. No er Besseggen Fjellsport også på nett!

Med denne heimesida ønskjer eg å gje deg ein enkel start på fjellturen. Her vil du finne ein liten spesialisert nettbutikk, med eit håndplukka utval av godt egna fjell- og skiutstyr. I kombinasjon med god produktinformasjon, høgt servicenivå og turtips vil heimesida i større grad kunne hjelpe deg når du ser etter turutstyr, kurs eller turmål. 

Kva treng du egentleg av klede, erfaring og utstyr for å kunne mestre fjellet dei ulike årstidane. Kva betyr «å mestre fjellet»? Korleis planlegg du turen for at turopplevinga skal bli god og trygg for deg og ditt turfølgje. Ofte kan sunn fornuft vere nok, andre gonger kan det være greit å «lytte til erfarne fjellfolk», eller kanskje leie ein førar. På Besseggen Fjellsport synest vi det er viktigare med kompetanse om korleis vi ter oss i fjellet og utstyret vi brukar, enn store utstillingslokaler. Vi har salg og utleie av egna turutstyr, og tilbyr kurs og føring tilpassa sesong og forhold. Besseggen Fjellsport importerar ski og fjellutstyr, og er einaste forhandlar i Norge av Praxis Skis, håndbygde ski frå USA. Hausten 2016 kjem vår eiga nyutvikla skimodell «Praxis Høgruta» for salg. Les meir om desse og andre produkt i nettbutikken som opnar i oktober 2016.

Velkomen innom på nett eller i Moom!