Flinke folk veks ikkje på tre. Her blir du betre kjent med nokre av dei vi gjerne samarbeider med, og nyttar på våre opplegg i høgfjellet. 

Tindevegleder


mikal.png

Mikal Nerberg, Lyngen

Mikal Nerberg i Lyngenguide er internasjonalt godkjent tindevegleder, og har lang erfaring frå fjellføring og redningsarbeid. Mikal bruker alpine turski frå Praxis, og har eit sterkt miljøengasjement. Drøymer du om å gå Lyngen på langs, eller om andre prosjekt i Lyngen, er Mikal rette mannen å kontakte. Les meir på www.lyngenguide.no.

  •  Certified IFMGA Mountain Guide (Nortind)/(IFMGA)
  •  Norwegian certified Glacier and Climbing instructor (Norsk Fjellsportforum)
  •  Member of regional Alpine Rescue Group (NARG)
  •  Member of the Local Avalanche Rescue Goup

Vegleder kurs, skred/redning


DSC_0337.JPG

Ørjan Venaas, Vågå – fagleder skred

Fast vegleder på skiturar og skredkurs arrangert av Besseggen Fjellsport. Telemarking med gode leiraregenskapar og med lang erfaring frå Forsvaret og Røde Kors.

  •  Fagleder skred/Skredgruppa Innlandet.
  •  C,B og A skredkurs i Røde Kors.
  •  Har varslingskurs og redningskurset frå Forsvare, og har også hatt kurs for Norsk Luftambulanse og Forsvaret/FSK.

dag-inge.png

Dag Inge Bakke, Vågå – fagleder skred

Fast vegleiar på skiturar og skredkurs arrangert av Besseggen Fjellsport. Tidlegare reinsgjetar med 20 års erfaring frå alpine skiturar, bre/klatring og skredredning i inn- og utland. Kunnskapsrik fjellkar som trivs best på tur.

  •  Fagleder skred/Skredgruppa Innlandet.
  •  Medlem av NARG, alpin redningsgruppe/Røde Kors.

profil Kjell-erik.jpeg

Kjell Erik Reinhartsen – Vegleder skred, ski og kajakk

Vegleder på ski- og skredkurs og kajakk i GJENDEGUIDEN. Trønder med bakgrunn frå forsvaret. 20 år med brei erfaring frå høgfjell, ski, padling og foto. Ei profesjonell og grundig tilnærming til dei fleste arbeidsoppgåver, og ein særs stødig og triveleg kar i fjellet med spesialkompetanse. Fast fotograf på våre opplegg..

  •  Skredkurs fra Røde Kors.
  •  Førstehjelp- og leiarutdanning frå Forsvaret/FSK.