Her blir du betre kjent med flinke folk vi gjerne samarbeider med og nyttar på våre opplegg i høgfjellet. Ver så god – bli inspirert!

Tindevegleder


mikal.png

Mikal Nerberg, Lyngen

Mikal Nerberg i Lyngenguide er internasjonalt godkjent tindevegleder, og har lang erfaring frå fjellføring og redningsarbeid. Mikal bruker alpine turski frå Praxis, og har eit sterkt miljøengasjement. Drøymer du om å gå Lyngen på langs, eller om andre prosjekt i Lyngen, er Mikal rette mannen å kontakte. Les meir på www.lyngenguide.no.

  •  Certified IFMGA Mountain Guide (Nortind)/(IFMGA)
  •  Norwegian certified Glacier and Climbing instructor (Norsk Fjellsportforum)
  •  Member of regional Alpine Rescue Group (NARG)
  •  Member of the Local Avalanche Rescue Goup

Vegleiar kurs, skred/redning


Ørjan Venaas, Vågå – fagleder skred

Fast vegleiar på skiturar og skredkurs arrangert av Besseggen Fjellsport. Telemarking med gode leiraregenskapar og med lang erfaring frå Forsvaret og Røde Kors.

  •  Fagleder skred/Skredgruppa Innlandet.
  •  C,B og A skredkurs i Røde Kors.
  •  Har varslingskurs og redningskurset frå Forsvare, og har også hatt kurs for Norsk Luftambulanse og Forsvaret/FSK.

dag-inge.png

Dag Inge Bakke, Vågå – fagleder skred

Fast vegleiar på skiturar og skredkurs arrangert av Besseggen Fjellsport. Tidlegare reinsgjetar med 20 års erfaring frå alpine skiturar, bre/klatring og skredredning i inn- og utland. Kunnskapsrik fjellkar som trivs best på tur.

  •  Fagleder skred/Skredgruppa Innlandet.
  •  Medlem av NARG, alpin redningsgruppe/Røde Kors.

age_vegard.png

Åge Vegard Kirkestuen – redningsmann NLA, Lillehammer

Fast vegleiar på skiturar og skredkurs arrangert av Besseggen Fjellsport. Lomvær tilsett i Norsk Luftambulanse. 20 år med brei erfaring frå høgfjell, ski og elvepadling. Ei profesjonell og grundig tilnærming til dei fleste arbeidsoppgåver, og ein særs stødig og triveleg kar i fjellet med spesialkompetanse.

  • Redningsmann og instruktør NLA/Norsk Luftambulanse.

Vegleiar høgfjell/bre


ulf.png

Ulf Ryen, Vågå

Vegleiar på høgfjell, bre og ski for Besseggen Fjellsport.

  • Allsidig sauebonde, kunstmålar og laftar med 25 års erfaring med klatring, bre og redningsarbeid, samt føring i høgfjellet.
  • Aktiv i Røde Kors Vågå og NARG (Nord-Gudbrandsdal Alpine Redningsgruppe).

oystein.png

Øystein Bakke, Vågå

Vegleiar på høgfjell, bre og ski for Besseggen Fjellsport.

  • Hardtarbeidande ja-mann frå Sjårdalen. Sentral i ski og klatremiljøet i Vågå frå langt attende i førre århundre.
  • 20 år erfaring med klatring, bre og redningsarbeid, samt føring i høgfjellet.
  • Aktiv i Røde Kors Vågå og NARG (Nord-Gudbrandsdal Alpine Redningsgruppe).
  • Sikringsleder TT, Linjebygg.

ingvild.png

Ingvild Øyjordet, Vågå

Vegleiar på høgfjell, bre og ski for Besseggen Fjellsport.

  • Vegleiar friluftsliv og naturforvaltar. Lang erfaring frå det meste av høgfjellsaktivitetar, samt arbeid med jaktoppsyn og naturrettleiing i ulike nasjonalparkar for SNO (Statens Naturoppsyn).
  • Klatre- og breinstruktør, NF-standard.

iver.png

Iver Lund, Lom

Vegleiar på høgfjell, bre og ski for Besseggen Fjellsport.

  • Vegleiar friluftsliv. Driv eget føringsforetak i Lom med fjellopplevingar i Jotunheimen og Breheimen. Mykje erfaring frå arbeid med grupper i høgfjellet.
  • Breinstruktør, NF-standard.

TEAM PRAXIS AKTIV


aasheim.png

Øystein Aasheim, Vågå

Komplett skikjørar og oterfiskar frå Vågå. Sist sett i skifilmen «Chasing Shadows» frå Alaska av Warren Miller Productions. Tross sin unge alder er Øystein den med lengst fartstid på Praxisteamet, og brukte berre to sesongar i ung alder før han hoppa over på det internasjonale teamet. Øystein er godt etablert i Norgestoppen i frikjøring, og er sjølvsagt medlem av broilerfabrikken på Lemonsjøen Alpinsenter; Trollhøe Høkkers.

SKI:

Praxis MVP 192 cm
Praxis Protest 196 cm


HP.png

Hans Petter (HP) Bakke

Kanskje Norges trivlegaste Nordhering, sjølv om dei er mange. Grovsnikkar, finsnikkar, ski og sykkelentusiast. HP likar og mestrar det meste som skjer på ski og to hjul, men er like roleg for det. Stort sett. Aktiv i Høkkers, svært sentral i Høkkers Invitational, og ikkje minst i sin eiga sykkelpark, Ponderosa Bike Park, i Vågå.

SKI:

Praxis RX 189 cm
Praxis MVP 187 cm

TEAM PRAXIS AMBASSADØR


magnus.png

Magnus Grønberg, Hemsedal

29-årig topptur og stisykkelentusiast med Hemsedal og vestre Jotunheimen som base. Skiteknikar i Hemsedal om vinteren og profesjonell stibygger i Hallingdal om sommeren. Magnus går mykje på topptur og studerer design ved sidan av. For oss er det godt skussmål at ein som arbeidar med reparasjon og service av ski, har valgt seg Praxis som eget verktøy i fjellet. Du ser han ofte med to Alaskan Husky på tur!

SKI:

Praxis BC 190
Praxis RX 189

Aktuelt 2016:


anders.png

Anders Bersu, Vågå

Gladgut frå Vågå og Skjåk som minnar mest om Shane McConkey, i alle fall på bilde … Anders er ivrig og særs dyktig på ski, elvepadling og jakt, og er alltid på tur hit eller dit. Ikkje minst i arbeidstida som rørlegger. Humørspreder som ikkje er redd for å si meininga si. Elles er det alltid spennande når to meter Bersu flipper baklengs, sidelengs eller framlengs. Men kattar kan også vere store. Og søte!

SKI:

Praxis GPO
Praxis Powderboards

 


nyra.png

Ole Reidar Nyrnes aka Nyra, Lom

Stilhopparen Olav Hanson var frå Røa, men stilkjøraren Ola Reidar er frå Lom. Arveleg belasta med særs god skiteknikk og dertil humor. Ein av dei lokale med lengst fartstid som teamkjørar. Aktiv i frikjøringssirkuset i mange år og beherskar all type skikjøring. Har dessutan produsert filmsnuttar frå gondolbanar i Alpane, saman med HP Bakke, som går Marve Fleksnes ein høg gang.

SKI:

Praxis GPO 187
Praxis MVP 183


kaye.png

Kay Falao Lunde, Hemsedal (eller der yr.no varsler snø)

Tidlegare aktiv alpinist frå Skedsmokorset som prioriterar mesteparten av tida og livet til ski og stisykkel og hunden. Hege er også med. Dei har base i Hemsedal og Hallingdal, med har ein lei tendens til å reise dit det er veldig gode forhold. Er over snittet opptatt av eigenskapar til frikjøringsski spesielt og ski generelt, og er stolt Praxisambassadør på andre sida av fjellet!

SKI:

 Praxis GPO 187