LAST1295.jpg
13720551_637873006391385_90400144_o.jpg
LAST1295.jpg

Butikk


Besseggen Fjellsport

Noregs minste fjellsportbutikk?

SCROLL DOWN

Butikk


Besseggen Fjellsport

Noregs minste fjellsportbutikk?

Besseggen Fjellsport er ein liten spesialbutikk i Vågå. Det er eit stort utval av klede og fjellutstyr tilgjengeleg på marknaden. Mykje er bra, og noko er meir egna til høgfjellet enn anna. Etter at toppturaktivieten har hatt ei kraftig auke i Norge dei siste åra, ser vi at mange set pris på å handle i ein mindre spesialbutikk, der tilsette har god kjennskap og PERSONLEG erfaring med dei produkta dei tilbyr.

Ved kjøp av kostbart alpint turutstyr (randonee) vil du tjene på å kunne prøve ulike sko, ski og bindingar før du avgjer kva som passar dine føtter, behov og budsjett. Besseggen Fjellsport har over 25 års erfaring frå fjell-og toppturar både med fjellski, telemark og alpint turutstyr. Hjå oss vil du også få gode råd om val av sekk, sikkerheitsutstyr, klede og anna.

Skiservice

I vår skiverkstad kan du få reparert såleskader, stålkant og lagt ny slip. Har du kjøpt brukt skiutstyr? Vi monterar bindingar og tilpassar til vekt, lengde og kjørestil. Vi gjev sålen din glider/voks i vår Wintersteiger infraraude voksmaskin. Den er også tilpassa nye felleski og skadar ikkje fellen din. Vi har og spesialvoks for toppturski som fungerar betre saman med skifellane dine.

NYHEIT! Frå hausten 2016 har vi fått på plass slipemaskin frå Wintersteiger på Lemonsjøen Alpinsenter. Vi vil samarbeide med å ta vare på ditt kostbare skiutstyr. Lever inn skiutstyr i november, så er du klar samtidig som vinteren kjem!

Lurer du på noko? Ta kontakt!

13720551_637873006391385_90400144_o.jpg

Utleie/demo


Utleie og demo

Lyst til å prøve utstyr?

Utleie/demo


Utleie og demo

Lyst til å prøve utstyr?

Besseggen Fjellsport har utleie og demomodellar av randoneeutstyr, fjellski og frikjøringsski. Saman med Gjendesheim Turisthytte kan vi tilby 15 komplette sett med lett Dynafit randoneeutstyr for utleie, inklusiv skredpakke (sender/mottaker, spade og søkestang).

Besseggen Fjellsport importerar ski og fjellutstyr, og er einaste forhandlar i Norge av Praxis Skis, håndlaga kvalitetsski frå USA. Vi har demoski av fleire modellar til utlån/utleie.

Vi er også ein av få butikkar i Norge som fører EVI SKI, håndlaga ski frå Lønseth på Oppdal. I tillegg vil du finne demoski frå Dynafit og SkiTrab i butikken.