13682490_637667009745318_1651710066_o.jpg
DSC_0209.JPG
13682490_637667009745318_1651710066_o.jpg

Føring/kurs


Føring og kurs

Mestre fjellet med GJENDEGUIDEN!

SCROLL DOWN

Føring/kurs


Føring og kurs

Mestre fjellet med GJENDEGUIDEN!

Besseggen Fjellsport samarbeider med GJENDEGUIDEN, og har for vinteren 2019 lagt opp eit variert tur- og kursprogram som du kan vere med på gjennom. Gjendeguiden samarbeider med Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen, og har dei fleste turar og kurs med utgangspunkt der, men arrangerar turar og kurs på førespurnad andre stader også. Vår styrke som liten lokal aktør er nettopp at vi tilpassar oss dine ønskjer og ditt nivå. Gjendeguiden har dyktige og erfarne lokale vegleiarar som vil dele viktig kunnskap med deg, gje deg gode turopplevingar, gode historiar og innføring i ulike tema for vinterfjellet. Å mestre fjellet er viktigare enn trofejakt i ureint farvatn!

Med Gjendesheim som kursstad legg Gjendeguiden til rette for korte eller lange skiturar på alpint turutstyr eller fjellski, og kan på ettermiddag invitere både på isbading og badestamp, før ein 3 retters middag med lokale råvarer toppar dagen. Med Jotunheimen som bakgård, vil Besseggen Fjellsport og Gjendeguiden gjerne hjelpe deg med å oppleva denne perla av eit fjellområde!

Her kan du sjå når DU kan vere med oss på tur i vinter. Vær så god – forsyn deg!

DSC_0209.JPG

Skredkurs


Skredkurs med GJENDEGUIDEN

Skredkurs


Skredkurs med GJENDEGUIDEN

Daleg leiar i GJENDEGUIDEN AS, Ørjan Venås, Vågå, er ansvarleg for vinterens skredkurs i Jotunheimen. 

Relevant skredkompetanse

  • Forsvarets skredredningskurs (8 dagar) i 2006, ved Forsvarets Vinterskole. Utdanna Fagledar skred etter gjennomført kurs. Har vore nytta som instruktør for Forsvarets Vinterskule etter dette.
  • Forsvarets skredvarslingskurs i 2006, Forsvarets Vinterskole. Instruktør for Vinterskulen etter dette, inkl egne kurs for spesialstyrkene.
  • Har hatt ansvar for skredvarsling på mindre øvelsar i Forsvaret, og samarbeidd tett med skredgruppa på dei store øvelsane.
  • Ansvarlig for å revidere skredberedskapen i Ingeniørbataljonen i 2004/2005, og stått på beredskap 3 sesongar.
  • Utdanning innafor bla is-rekognosering, og har vore deltakar og leiar av mobilitetsgruppa på dei store vinterøvelsane i Forsvaret. (Sikker ferdsel utanfor veg, herunder på elv og vatn).
  • Har klassifisering som skredobservatør hos NVE. Legg inn observasjonar på frivillig basis.
  • Har vore medlem i Røde Kors hjelpekorps sidan 1990, nå i Vågå Røde Kors Hjelpekorps.
  • Har vore med å utarbeidd utdanningsopplegg for snøscooteropplæringa i Røde Kors.
  • Var på oppdrag for Røde Kors 3 mnd i Pakistan våren 2006, ifm jordskjelvkatastrofa som kosta 87 000 mennesker livet.
  • Mykje praktisk erfaring frå leiteaksjonar og redningsoppdrag, sommar og vinter, primært i fjellheimen.

Ørjan er også leiar for Skredgruppa Innlandet, som vart oppretta for to år sidan. Gruppa består av 14 personar som dekker Hedmark og Oppland pr nå, samt tilstøtande områder. Gruppa samarbeider med Norsk Luftambulanse på Dombås og Ål, og har jevnleg trening og oppdrag saman med dei.

Ørjan har vore sikkerhetsansvarlig under Arctix Tamok i Tamokdalen i fleire år, samt skredansvarlig og del av sikkerhetsapparatet under Vågå Freeride dei siste 2 åra. Han har vore instruktør på kurs/utdanning innanfor skred og fyrstehjelp for enkeltpersonar og grupper på forespørsel, har gjennomført årleg skredkurs for skikjørare på Lemonsjøen alpinsenter dei siste tre åra, hadde skredundervisning for NLA sitt personell på Dombås i fjor, og han har gjennomført internundervisning for Røde Kors.

Treng du ein skredinstruktør eller har du behov for ei risikoanalyse og/eller vurdering av skredfare ved gjennomføring av eit arrangement?

Ta kontakt med Ørjan på gjendeguiden@gmail.com eller telefon 992 22 445

DSC_3672.JPG

Produkt


Produkt