13682490_637667009745318_1651710066_o.jpg
DSC_0209.JPG
13682490_637667009745318_1651710066_o.jpg

Føring/kurs


Føring og kurs

Bli med meg på tur!

SCROLL DOWN

Føring/kurs


Føring og kurs

Bli med meg på tur!

Besseggen Fjellsport vil helst vere med deg på tur, og vi har for vinteren 2017 lagt opp eit tur- og kursprogram som du kan vere med på gjennom skisesongen. Ettersom vi samarbeidar tett med Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen, har dei fleste turar og kurs utgangspunkt der, men vi kan arrangere turar og kurs på førespurnad andre stadar også. Vår styrke som liten lokal aktør er nettopp at vi tilpassar oss dine ønskjer og ditt nivå. Vi har dyktige lokale vegleiarar som vil gje deg gode turopplevingar, gode historiar og innføring i ulike tema for vinterfjellet. Besseggen Fjellsport synes det er viktigare å mestre fjellet enn trofejakt i ureint farvatn!

Har du til dømes tenkt på kor triveleg og miljøskapande det kan vere for deg og dine kollegaer med ein tur i høgfjellet i februar eller mars? Vi legg til rette med korte eller lange skiturar på alpint turutstyr eller fjellski, og kan på ettermiddagen invitere både på isbading og badestamp, før ein 3 retters middag med lokale råvarer toppar dagen. Med Jotunheimen som bakgård, vil Besseggen Fjellsport gjerne hjelpe deg med å oppleva denne perla av eit fjellområde!

Her kan du sjå når DU kan vere med oss på tur i vinter. Vær så god – forsyn deg!

DSC_0209.JPG

Skredkurs


Skredkurs

Skredkurs


Skredkurs

Besseggen Fjellsport samarbeidar med m.a. Ørjan Venås, Vågå, på vinterens skredkurs i Jotunheimen. Ørjan er telemarking som saman med familien har kjøpt seg småbruk i Vågå. Han er tilsett som prosjektleiar bygg og anlegg, i Sel kommune, og ivrig på tur på fritida, sommar som vinter, til fots, på ski og nå seinare på stisykkel. Ørjan har 21 år i Forsvaret bak seg ,og har tjenestegjort i heile landet, og gått Hærens Ingeniørhøgskule, samt utdanning frå Krigskolen og Forsvarets Høgskole.

Relevant skredkompetanse

  • Forsvarets skredredningskurs (8 dagar) i 2006, ved Forsvarets Vinterskole. Utdanna Fagledar skred etter gjennomført kurs. Har vore nytta som instruktør for Forsvarets Vinterskule etter dette.
  • Forsvarets skredvarslingskurs i 2006, Forsvarets Vinterskole. Instruktør for Vinterskulen etter dette, inkl egne kurs for spesialstyrkene.
  • Har hatt ansvar for skredvarsling på mindre øvelsar i Forsvaret, og samarbeidd tett med skredgruppa på dei store øvelsane.
  • Ansvarlig for å revidere skredberedskapen i Ingeniørbataljonen i 2004/2005, og stått på beredskap 3 sesongar.
  • Utdanning innafor bla is-rekognosering, og har vore deltakar og leiar av mobilitetsgruppa på dei store vinterøvelsane i Forsvaret. (Sikker ferdsel utanfor veg, herunder på elv og vatn).
  • Har klassifisering som skredobservatør hos NVE. Legg inn observasjonar på frivillig basis.
  • Har vore medlem i Røde Kors hjelpekorps sidan 1990, nå i Vågå Røde Kors Hjelpekorps.
  • Har vore med å utarbeidd utdanningsopplegg for snøscooteropplæringa i Røde Kors.
  • Var på oppdrag for Røde Kors 3 mnd i Pakistan våren 2006, ifm jordskjelvkatastrofa som kosta 87 000 mennesker livet.
  • Mykje praktisk erfaring frå leiteaksjonar og redningsoppdrag, sommar og vinter, primært i fjellheimen.

Ørjan er leiar for Skredgruppa Innlandet, som vart oppretta for to år sidan. Gruppa består av 14 personar som dekker Hedmark og Oppland pr nå, samt tilstøtande områder. Gruppa samarbeider med Norsk Luftambulanse på Dombås og Ål, og har jevnleg trening og oppdrag saman med dei.

Ørjan har også vore sikkerhetsansvarlig under Arctix Tamok i Tamokdalen i fleire år, samt skredansvarlig og del av sikkerhetsapparatet under Vågå Freeride dei siste 2 åra. Han har vore instruktør på kurs/utdanning innanfor skred og fyrstehjelp for enkeltpersonar og grupper på forespørsel, har gjennomført årleg skredkurs for skikjørare på Lemonsjøen alpinsenter dei siste tre åra, hadde skredundervisning for NLA sitt personell på Dombås i fjor, og han har gjennomført internundervisning for Røde Kors.

Treng du ein skredinstruktør, vil du prøve Besseggen vinterstid eller har du behov for ei risikoanalyse og/eller vurdering av skredfare ved gjennomføring av eit arrangement?

Ta kontakt med Ørjan på orjanvenas@gmail.com eller telefon 992 22 445