Besseggenfjellsport-02.jpg
butikk.jpg
LAST1316.jpg
Besseggenfjellsport-02.jpg

Intro


Ei ny verd ventar

Skal eg vise deg?

Ja, takk!

SCROLL DOWN

Intro


Ei ny verd ventar

Skal eg vise deg?

Ja, takk!

butikk.jpg

Om meg


Knut Erik Tessnes

Vegleder friluftsliv, skientusiast og leirskulelærar

Om meg


Knut Erik Tessnes

Vegleder friluftsliv, skientusiast og leirskulelærar

 

Bli med på tur i Jotunheimen! 

Som leirskulelærar og vegleiar i friluftsliv i over 25 år, har eg møtt svært mykje triveleg folk i fjellet. Med enkle  grunnprinsipp i botn som; tur etter evne, god planlegging, trygg ferdsel og gode marginar, ser eg at dei fleste får ei oppleving i tillegg til sjølve tur- og naturopplevinga, nemleg mestringskjensla. Vi treng alle å føle mestring innimellom, og høgfjellet byr på situasjonar som krev mestring på mange ulike nivå. Å vere på skitur i høgfjellet vinterstid til dømes, gjev ekstra store rom for mestring. Å padle kajakk på fjellvatna i Jotunheimen gjev både stor mestringskjensle og enno større naturopplevingar. Eg ønskjer at fleire skal bli både glade i – og trygge - i høgfjellet. Det er stas å sjå korleis folk etterkvart tek i bruk fjellet større delar av året, men det gjev og nokre utfordringar. Ettersom Jotunheimen er eit høgfjellsområde må ein tilpassa seg dei ver- og føreforholda som rår. Dette gjeld om du anten skal padle på Gjende i juni, gå på Surtningssue i juli, topptur i februar eller Høgruta i mars.

Sjølv om mange i Norge er stødige på ski, og har vore mykje i fjellet, er det etter kvart mange som synest det kan vere fint å ha med ein førar og kjentmann. Å vere på tur i høgfjellet vinterstid handlar mykje om å ha gode rutinar og basisferdigheiter. Har du for eksempel overnatta i egenbygd igloo over fleire dagar? Besseggen Fjellsport er aktiv medeigar i aktivitetsselskapet Gjendeguiden AS som har Vågå og Jotunheimen som arbeidsområde. På GJENDEGUIDEN.NO finn du flotte turar og kurs for opplevingar året gjennom. Vi nyttar mange av turisthyttene i området til innkvartering på vår arrangement, og dei fleste kursa våre gåt på GJENDESHEIM TURISTHYTTE. Med eineståande klima, natur og kultur, og levande mattradisjonar sørgjer vi for at heile deg blir teke vare på!

Eg håpar du vil vere med oss på tur!

Knut-Erik

 

 
LAST1316.jpg

Om Besseggen Fjellsport


Besseggen Fjellsport

Stuttreist kompetanse

Om Besseggen Fjellsport


Besseggen Fjellsport

Stuttreist kompetanse

 

Midt i sentrum i Vågå finn du eit lite kompetansesenter på høgfjell og fjellsport. Her har Besseggen Fjellsport og Gjendeguiden AS kontor, serviceverkstad og kurslokale. 

Besseggen Fjellsport er gode på produktinformasjon, vegleiing og har høgt servicenivå! Vi vil kunne hjelpe deg når du ser etter egna utstyr utstyr av god kvalitet, kurs eller turmål i Jotunheimen. 

Kva treng du egentleg av klede, erfaring og utstyr for å kunne mestre fjellet dei ulike årstidane. Kva betyr «å mestre fjellet»? Korleis planlegg du turen for at turopplevinga skal bli god og trygg for deg og ditt turfølgje. Ofte kan sunn fornuft vere nok, andre gonger kan det være greit å «lytte til erfarne fjellfolk», eller kanskje leie ein førar. På Besseggen Fjellsport synest vi det er viktigare med kompetanse om korleis vi ter oss i fjellet og utstyret vi brukar, enn store utstillingslokaler. Vi formidlar salg og utleie av egna turutstyr, og tilbyr kurs og føring tilpassa sesong og forhold. Besseggen Fjellsport importerar også ski og fjellutstyr, og er einaste forhandlar i Norge av Praxis Skis, håndbygde ski frå USA. Vi har også utvikla vår eiga høgfjellsski «Praxis Høgruta». 

Velkomen innom på nett eller i Moom!