Besseggen Fjellsport

Besseggen Fjellsport / Knut-Erik Tessnes bur i Vågå, og har 30 års arbeidserfaring med vegleiing til fjells, som leirskulelærar ved Jotunfjell leirskole i Lom og som veileder i friluftsliv for bedrifter, høgskuler og guideselskap. Hovedaktiviteten har alltid vore ski, bre og høgfjellsføring, men eg har også arbeidd med stisykkel og padling. Min lange erfaring kjem deg til gode; du veit best kva du ønskjer lære og oppleva, eg veit korleis vi kan nå dine mål. Med fartstid frå Norge, Alpene, USA, Svalbard, Russland, Afrika og Sør-Amerika med ski og sekk på ryggen, er det no eventyrlandet Norge som blir prioritert.

Små grupper og pedagogisk tilnærming

Med Besseggen Fjellsport er du på tur med 1-7 gjester pr vegleder. Det gir rom for god oppfølging, god kommunikasjon og gode rammer for å utnytte dei aktuelle vær og føreforholda. Jotunheimen er vår naturlege bakgard, men vi blir gjerne med deg til dei fjellområda du ønskjer i Norge. Vi nyttar både nordisk turutstyr (fjellski) og alpint turutstyr (randonee) på våre turar og kurs, alt etter kva deltakar ønskjer. Godt humør, fysisk overskot og ei leiken og trygg tilnærming til skikjøring er alltid utgangspunktet mitt. Vi kan gå fort eller sakte, langt eller kort, men eg tek sjeldan tida på friluftslivet mitt. Tidlegare dreiv eg eiga fjellsportbutikk med import, salg og service av skiutstyr, og kjenner difor særs godt det meste av tilgjengeleg skiutstyr for frikjøring, alpin og nordisk skiferd.

Utdanning: Utdanna adjunkt med friluftsliv, veilederlinje og Idrett , kultur og samfunn frå Norges Idrettshøgskole, Samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, og PPU (Praktisk-pedagogisk utdanning) frå Høgskulen Innlandet. Har vore tilsett som leirskulelærar i Lom kommune i 25 år.

Sertifisering:

-Sertifisert som skivegleder gjennom NORTIND, ei nasjonal kvalifisering som går over 3,5 år og gjev ei allsidig vegleiarkompetanse på fjellmiljø, skiferd og skikultur, skred, snø og bre. Godkjente skivegledere kan arbeide som skivegleder/skiguide i Norge. Det er Norsk Fjellfagskule AS på Åndalsnes som er ansvarlege for utdanning av skivegledere og tindevegledere i Norge.

-Sertifisert som “Skiinstruktør Alpint nivå 1” gjennom DNS (Den Norske Skiskole), og “Freeski trener 1 “ gjennom NORGES SKIFORBUND.

Besseggen Fjellsport arbeider mykje saman med andre ski- og tindevegledere rundt om i Norge, og lokale vegledere med spesialkompetanse innan ski, skred, snø og bre. Besseggen Fjellsport er også engasjert som vegleder for NORSK FJELLFAGSKOLE under NORTIND sine opptakssamlingar og kurs.


Besseggen Fjellsport er ambassadør for Fischer Norge, og bruker frikjøringsski, alpine og nordiske turski fra Fischer og staver fra OneWay