Vilkår og føresetnader
Besseggen Fjellsport, heretter kalla BF, arrangerer kurs og føringsturar i høgfjellet. Guider og instruktør (heretter nemnt som vegleiar) på arrangementa er spesialiserte på å ha med deltakarar på ski i bratt terreng. For å kunne gjere dette krevst eit samspel mellom vegleiar og deltakar. Våre vilkår nedanfor saman med anna informasjon utgjer våre vilkår og betingingar. Alle betalande kundar vert kalla deltakar/deltakarar i dette dokumentet.
1. Aksept av våre vilkår
Ved påmelding til eit arrangement aksepterer du våre vilkår som står beskrive i dokumentet. Det er dykkar ansvar at alle deltakarar på arrangementet les gjennom vilkåra. Ved påmelding av fleire deltakarar godtar du vilkåra på vegne av dei du melder på. Avtalen mellom partane blir rekna som inngått når deltakar har fått stadfesting som e-post. Deltakarane mistar plassen dersom faktura ikkje vert betalt innan forfall.
2. Risiko ved våre arrangement
Våre arrangement går ofte føre seg i omgjevnader der det kan oppstå farar og ulukker. Farar som steinsprang, utgliding, snøskred, forfrysing, fall i bresprekk, fall i ulendt terreng er nokre døme på kva som kan oppstå. Som deltakar og kunde er du innforstått med at dette er ein risiko du aksepterer, at deltakinga er frivillig og på eige ansvar. Dersom det skulle oppstå uhell kan ikkje BF eller fjellførar haldast ansvarleg for dette.
Som vegleder minimerer vi risikoen så mykje som mogleg. Det er deltakarane på arrangementet, terrenget, vêr og føre som avgjer kva som er mogleg å få til. Dersom desse parameterane tilseier at risikoen er for stor, endrar vi arrangementet til eit alternativ som er så likt det opphavlege som mogleg. Vi understrekar at fjellføraren sitt hovudansvar er å ivareta tryggleiken til deltakarane, ikkje føre dei til toppen av fjellet eller køyre ei bratt side på ski. Ved bestilling kjøper kunden ein fjellførar som har sett av tid og som har kompetanse til å gjennomføre arrangementet. Dette inneber også å vurdere at arrangementet vert endra dersom risikoen er for stor. Fjellførarar kan ALLTID snu gruppa om det er fare for tryggleiken.
3. Deltakarane sitt ansvar
3.1 Føresetnader.
Arrangementet skal i størst mogleg grad vere i tråd med den enkelte og gruppa sine føresetnader, det er derfor viktig at alle deltakarar tek omsyn til dette ved val av tur og ved påmelding. Er du i tvil, spør oss. Påmelding av deltakarar under 18 år skal informerast om ved påmelding.
3.2 Medansvar
- Arrangementa kan innebere risiko for skadar. Som fjellførar ønskjer vi å minimere denne så mykje som mogleg. Vi informerer gjestane om risikoen som finst og involverer gjestane i størst mogleg grad slik at dei kan få ei viss forståing av situasjonen og vurderingane vi gjer. Deltakarane må også ta eigarskap til avgjerda sjølv om fjellføraren har det overordna ansvaret. I mange tilfelle ligg tryggleiken i tydelege beskjedar og enkle oppgåver til deltakarane. Dermed må deltakarane vere medansvarlege og følgje fjellføraren sine anvisningar til ei kvar tid. Dette kan vere heilt avgjerande for tryggleiken.
3.3 Forsikring
BF tilbyr ikkje reise-, ulukke- eller avbestillingsforsikring på arrangementa. Det er deltakarane sitt eige ansvar å ha dette dersom dei ønskjer det. Vi tilrår forsikring som dekkjer kostnader ved ulukke, tap av utstyr, eller dersom noko hindrar deg i å reise.
3.4 Helseopplysningar
Den enkelte deltakar pliktar å informere fjellføraren om sjukdomar, helseplager eller skadar som kan vere relevante for tryggleiken under arrangementet.
3.5 Tap av utstyr
Deltakar er pliktig til å erstatte sjølvforskyldt tap av utstyr som er lånt/leigd av arrangør.
4. Vilkår for betaling og påmelding
4.1 Betaling
Om ikkje anna er avtalt vert faktura for turen sendt fortløpande etter påmelding og har 10 dagar betalingsfrist. Ved påmelding nært oppstart av arrangementet, skal beløpet betalast snarast. Ved for sein betaling påløper standard forseinkingsrente og purregebyr.
4.2 Avbestilling og refusjon
- Ved avbestilling meir enn 60 dagar før arrangementstart vert heile beløpet refundert utanom eit administrasjonsgebyr på 700 kr
- Ved avbestilling mellom 60 og 20 dagar vert 50 % av arrangementets totalsum refundert
- Ved avbestilling under 20 dagar skal det betalast 100 % av arrangementets totalsum. 0 % vert refundert dersom betalinga er gjennomført. Dette gjeld også dersom deltakar avbestiller på grunn av vêr og føre.
- Dersom totalprisen i ei større bestilling inneber rabattar eller avslag fell dette bort dersom nokon i gruppa avbestiller.
5. Flytting av arrangement
Om deltakarane ønskjer, kan arrangement med varigheit på 3 dagar eller mindre flyttast dersom det passar for BF/fjellførar, og at han/ho får andre oppdrag i same tidsrom. Dersom flytting/endring av tur påfører BF/fjellførar ekstra kostnader, skal deltakar dekke dette.
6. Prisendring
Arrangøren har rett til å justere prisen dersom det skjer endringar i offentlege skattar, aktuelle valutaer eller liknande. Eventuelle prisendringar skal varslast seinast 20 dagar før arrangementstart.
7. Kansellering av arrangement
BF har rett til å kansellere arrangementet dersom det ikkje blir mange nok påmelde til å gjennomføre. Kva som er minimumsgrense for antal påmelde, vil vere oppført på arrangementet.
BF pliktar å gi deltakarane beskjed om dette 20 dagar før arrangementstart om ikkje anna er avtalt. I dette tilfellet vil heile beløpet bli refundert til kunden.
8. Endring ved dårleg vêr og forhold
Ved dårleg vêr eller forhold kan BF måtte endre arrangementet av tryggleiksgrunnar. I slike tilfelle vil deltakarane bli tilbydde eit alternativt arrangement i same tidsrom. Deltakarane betalar for aktiviteten dei opphavleg har bestilt. Dersom deltakarane ikkje aksepterer den alternative turen, vert dette sett på som avbestilling frå deltakarane. Sjå vilkår for avbestilling.
9. Deltakarens føresetnader
Nokre av våre aktivitetar stiller krav til deltakarane si fysiske form, ferdigheitsnivå, bekledning og utstyr. Dersom deltakar(ar) viser seg å ikkje innfri krava, har BF rett til å endre/avlyse arrangementet. Dette av tryggleiksomsyn. I dette tilfellet vert arrangementet rekna som avlyst eller endra frå deltakarane si side. Det same gjeld dersom turen har starta. Sjå vilkår for avbestilling og endring av tur.
10. Sjukdom/skade hos skiguide
Dersom fjellførar skulle bli ramma av sjukdom eller skade i forkant av tur, vil BF etterstrebe å få tak i fjellførar i same tidsrom. Dersom BF ikkje lukkast med dette, vil BF refundere 100 % av betalt beløp. Vi tilrår reiseforsikring som dekkjer denne typen situasjon.
11. Trykkfeil
BF tek atterhald om eventuelle trykkfeil i våre prislister eller informasjon.