MESTRE FJELLET

med Besseggen Fjellsport

BESSEGGEN FJELLSPORT tar skikjøringa attende til friluftslivet! På skiturar i FRI NATUR har vi både GOD TID og lange motbakkar, slik at fjell og menneske kan spele på lag. Å “erobre naturen” gjev lite meining, så målet er alltid TRYGG SKIKJØRING, store smil og minnerike naturopplevingar! Ønskjer du å lære meir om ski, snø og skred, eller vil du berre ha ei trygg tur med ein erfaren skiguide? Vil du bli skikkeleg god på ski, eller kanskje lære å bygge igloo? Eg har vore her så lenge at eg til og med kan lære deg den sagnomsuste telemarksvingen på fjellski!

“BESSEGGEN FJELLSPORT BYR PÅ SKIGLEDE, MESTRINGSKJENSLE, OG MEKTIGE SKI OG NATUR-OPPLEVINGAR I FRI NATUR. VI TRENG ALLE BÅDE FRYSE OG LE, NYTE OG SLITE. MINDRE KOMFORT GJEV MEIRE LIV.

- OG VI GÅR SAMAN“

Besseggen Fjellsport har hovudaktivitet ski og vinterfriluftsliv frå januar til mai. Som leirskulelærar fyller eg resten av året med arbeid på Jotunfjell leirskole i Lom. Eg arbeider også jevnleg med andre føringsfirma, skuler og bedrifter på fjellturar til fots, på ski, i kano/kajakk eller på sykkel. Med mi lange erfaring og formelle kompetanse som lærar og vegleiar i friluftsliv, kan eg stille som vegleiar i dei fleste naturmiljø og friluftslivsaktivitetar. Ta kontakt om du treng ein ekstra på laget!

foto: fyrst&fremst AS

Tjuvstart turen din på vår Instagram

Kva treng du mest?

1. Ferdselskurs

Enkel/medium/krevende

På ferdselskurs bestemmer du kva som skal vere innhaldet. Er du ny på ski, treng du eit skredkurs, eller eit komplett toppturkurs? Er du usikker på ski og isbre? Vi legg opp kurset slik vi saman meiner er best. Her vil eg foreslå kurstad ut frå kva kursinnhald du ønskjer. I meir enn 10 år har Besseggen Fjellsport hatt helgekurset “Intro rando&skred” på Gjendesheim i Jotunheimen. Eit sosialt og innhaldsrikt kurs der alle får eit skikkeleg kompetanseløft. Er det endeleg din tur nå?

  • 2,5 til 4 dagar til fjells der du ønskjer. Lange dagar ute på ski og temasamling på kveld.

  • Etter avtalt opplegg og påmelding, vil du få tilsendt link til program, utstyrliste og praktisk info.

  • Min 2, maks 7 deltakarar. Transport, overnatting og måltider ordnes av den enkelte deltakar og kjem i tillegg til honorar til skivegleder.

  • Pris under er dagshonorar for skivegleder.

  • Pris 2026: Kr. 6000,- /pr.dag. Maks 7 deltakarar.

En gruppe mennesker som går oppover en snødekt fjellside med ski og staver i intens snøstorm.

2. Skiteknikk

Enkel/medium

Mange vil bli betre og tryggare på ski. Bli med på 1-3 dagers kurs i skileik og skiteknikk. Vi kombinerer god skikjøring med vegleiing, og gode skiøvingar. Du vil få gode råd om hensiktmessig skiteknikk i skiftande høgfjellsterreng. Om det er ønskeleg kan vi starte kurset i skianlegg for å trene grunnteknikk, god posisjon og balanse. Du kan bruke både nordisk turutstyr (fjellski med feller og stålkant, og stødige støvler) eller alpint turutstyr. Med god skiteknikk blir toppturen dobbelt så bra, og halvparten så slitsom. Vil du bli skikkeleg god på ski?

  • 1 til 3 dagar til fjells der du ønskjer. Skikjøring heile dagen og utstyrslære på ettermiddag/kveld.

  • Etter avtalt opplegg og påmelding, vil du få tilsendt link til program, utstyrliste og praktisk info.

  • Min 1, maks 6 deltakarar. Transport, overnatting, heiskort og måltider ordnes av den enkelte deltakar og kjem i tillegg til honorar til skivegleder

  • Pris under er dagshonorar for skivegleder.

  • Pris 2026: Kr. 5000,- /pr.dag. Maks 6 deltakarar.

3. Skiguiding

Medium/krevende

Alle vil kjøre den beste, og tryggaste snøen. Med en skivegleder på laget kan du invitere gode venner på ei helg eller veke med god skikjøring og låge skuldre i høgfjellet. Vi kan bo fast på ei hytte eller bevege oss mellom fleire. Som ein del av ein slik tur er det naturleg å ha gode ferdråd, diskutere vegval, repetere kameraredning og sjølsagt finne den gode og trygge snøen. Praktisk at gruppa er nokonlunde samkjørt i fysisk form og skiteknikk. Kva drøymer du om?

  • 1 til 7 dagar til fjells der du ønskjer. Skiturar på dagen og temasamling/sosialt på kveld.

  • Etter avtalt opplegg og påmelding, vil du få tilsendt link til program, utstyrliste og praktisk info.

  • Maks 7 deltakarar. Transport, overnatting og måltider ordnes av den enkelte deltakar og kjem i tillegg til honorar til skivegleder.

  • Pris under er dagshonorar for skivegleder.

  • Pris 2026: Kr. 5500,- /pr.dag. Maks 7 deltakarar.

Skitur eller kurs? Send meg ein epost her!

Om Besseggen Fjellsport

Besseggen Fjellsport / Knut-Erik Tessnes bur i Vågå, og har 30 års arbeidserfaring frå høgfjellet, som leirskulelærar ved Jotunfjell leirskole i Lom og som vegleiar i friluftsliv for bedrifter, høgskuler og guideselskap. Hovedaktiviteten har alltid vore ski, bre og høgfjellsføring, men også stisykling og padling. Min lange erfaring kjem deg til gode; du veit best kva du ønskjer lære og oppleva, eg veit korleis vi kjem dit! Med lang fartstid frå Norge, Alpane, USA, Svalbard, Russland, Afrika og Sør-Amerika med sekk på ryggen og ski i håndbagasja, er det likevel eventyrlandet Norge som gjev meg mest på alle måtar!

(Trykk på profilbilde for meire info)

MESTRING

Verdas viktigste kjensle 

Eg har møtt mange til fjells. Unge og gamle, drevne og ferske. Med enkle grunnprinsipp som god turplanlegging, tur etter evne og gode marginar - med utgangspunkt i eiga erfaringskompetanse, ser eg at dei fleste har stor glede av å ferdast i fri natur. I tillegg til sjølve tur- og naturopplevinga får nok dei aller fleste også ofte ei sterk mestringskjensle. Vi treng alle å føle mestring, og det er nok mykje viktigare enn vi trur i alle fasar av livet. Høgfjellet byr på situasjonar som krev mestring på mange ulike nivå. Lite set deg meire på prøve enn vinterfjellet, og skiturar i høgfjellet gjev ekstra stort rom for mestringsopplevingar. Men da treng ein litt tid!

Det er stas å sjå korleis fleire tek i bruk større delar av fjellet, heile året. Det kan gje nokre utfordringar, men oppsida er nok størst! Besseggen Fjellsport arbeider mest i Jotunheimen, eit fjellområde der ein må vere førebudd på alt av ver og føre, både sommar og vinter. Det betyr at du i praksis må førebu deg ganske likt, om du skal på Surtningssue i juli, fisking i august, topptur i februar eller Høgruta i mars. Til og med om du skal padle på Gjende i juni!

Svært mange i Norge er stødige på ski og vinter, men etterkvart er det mange nye som også oppdagar gleda i å oppsøke fri natur vinterstid. Besseggen Fjellsport har lært folk både å tryne og reise seg opp att i snart 30 år, og vi ønskjer at folk også skal erfare at både hensiktsmessig utstyr og skiteknikk er avgjerande for at ein skal tåle lange dagar ute, og håndtere dei utfordringane vinterfjellet gjev. Om du er med meg på kurs eller tur, legg eg alltid til rette for at du skal lære mest mogleg undervegs. Om du ønskjer det! Men innimellom må det også vere rom for berre å nyte nokre fridagar til fjells, utan stort læringstrykk heile tida. Det er di tid, og den kjem ikkje attende!

Etterkvart har eg fleire faste grupper som kjem att på nye skieventyr år etter år. Kva med ein høgfjellstroika over tre vintrar, der vi plukkar ut tre klassiske skidestinasjonar, til dømes Jotunheimen, Romsdalen og Sunnmøre? På alpine turski, med gode venner, støle lår, mykje latter og god mat får kvar vinter eit nytt eventyr! Eller kanskje vil du prøve nokre lange seige turar med fjellski og raude kinn, der vi seier minst mogleg og koblar oss på med andre sansar? Og der blåtimen blir viktigare enn nytt profilbilde. Vi har berre eit liv. Gjer det du drøymer om! Eg blir gjerne med deg nokre dagar.

Livet over tregrensa er på ingen måte oppskrytt!
— Høgruta Jotunheimen

Vilkår og føresetnader

Påmelding

Du er påmeldt når kurs/tur er betalt. Les om avbestilling og kansellering av arrangement i linken under!

Betaling

Om ikkje anna er avtala blir faktura for turen utsendt fortløpende etter påmelding, og har 10 dager betalingsfrist. Ved påmelding nært opptil arrangementets start, skal beløpet betalast snarast. Ved for sein betaling gjeld standard forsinkelsesrente og purregebyr som nevnt i linken under.

Forsikring

Besseggen Fjellsport tilbyr ikkje reise, ulykke eller avbestillingsforsikring på arrangementene. Det er deltakarens eiga ansvar å ha dette dersom dei ønsker det. Vi anbefaler forsikring som dekkjer kostnader ved ulykke, tap av utstyr, eller dersom noko hindrer deg fra å reise.

Les meir om vilkår og føresetnader her!

Ei ny verd ventar.