En logo for Nord-Tind Skivitguide, med en fjellillustrasjon i midten og tekst rundt som sier 'NORDTIND SKIVEGLEIDER SKIGUIDE'.

MESTRE FJELLET

med Besseggen Fjellsport

Besseggen Fjellsport tek skikjøringa attende til friluftslivet! I lange motbakkar i FRI NATUR har vi GOD TID, og både fjellet og menneske kan spele på lag. TRYGG SKIKJØRING er alltid målet! Ønskjer du å lære meir om vinterfriluftsliv, om ski, snø og skred, eller vil du berre ha ei trygg skitur med ein erfaren skiguide? Vil du bli skikkeleg god på ski, eller lære å bygge igloo? Eg har vore her så lenge at eg til og med kan lære deg den sagnomsuste telemarksvingen på fjellski!

“BESSEGGEN FJELLSPORT VIL LEGGE TIL RETTE FOR SKILEIK, MESTRING OG MEKTIGE SKI- OG NATUROPPLEVINGAR I FRI NATUR. VI TRENG ALLE BÅDE FRYSE OG LE, NYTE OG SLITE. MINDRE KOMFORT GJEV MEIRE LIV. OG VI GÅR SAMAN“

Besseggen Fjellsport har hovudaktivitet ski og vinterfriluftsliv frå januar til mai. Som leirskulelærar fyller eg resten av året med arbeid på Jotunfjell leirskole i Lom. Eg arbeider også jevnleg med andre føringsfirma, skuler og bedrifter på fjellturar til fots, på ski , i kano/kajakk eller på sykkel. Med mi lange erfaring og formelle kompetanse som lærar og vegleiar i friluftsliv, kan eg stille som vegleiar i dei fleste naturmiljø og friluftslivsaktivitetar. Ta gjerne kontakt om du treng ein ekstra på laget!

foto: fyrst&fremst AS

Ei ny verd ventar. Velkomen!